Program for NM-helga

Mange lurer på kva programmet for helga er, så vi har laga ei grov oversikt under.
Alle klubbar må møte på teknisk møte torsdag kveld kl. 21.00.

Torsdag 31. mars

21.00: Teknisk møte på Ulstein hotell og på VIP i Volda Campus SpareBank 1 Arena
22.00: Dommarmøte på Ulstein hotell og på VIP i Volda Campus SpareBank 1 Arena

Alle lag må ha følgjande klart på teknisk møte:

  • Spelarliste (dersom endringar frå det som er innsendt på nettsida), og liste med spelarlisensar, om denne ikkje også er innsendt på nettsida.
  • Stadfesting på trenarkompetanse (Trenar 1), evt dispensasjon
  • Stadfesting på dommarlisens

Fredag 1. april

09.00: Opningsseremoni i Volda og Ulsteinvik med representantar frå KFUM Volda Volleyball, Norges Volleyballforbund og ordførarar.
10:00-20.30: Puljekampar

Laurdag 2. april

08:30-18:30: Sluttspillkamper
20:00-22.00: Bankett med tacobuffet, underhaldning og konkurransar på Ulstein Arena.

Søndag 3. april

08:30: Sluttspelkampar og finalar
15.00: Medaljeseremoni og kåring av All Star-lag og MVP.