Bankett laurdag i Ulsteinvik

Det blir bankett i Ulstein Arena!
Høgdepunktet under NM U15 (sett vekk frå finalane) er nok for mange banketten. For veldig mange blir dette den første banketten dei deltek på.
Årets bankett vil bli i Ulsteinvik sentrum, i gangavstand til hotellet i Ulsteinvik.

Det blir servert tradisjonell taco-buffet etter ønske frå spelarane.

Påmelding til buffeten gjer du i dette skjemaet, samtidig som du bestiller lønsjpakkar og t-skjorter.
Transport til banketten er gratis, om laget ikkje bur i Ulsteinvik.