Aktuelt

Gull til Øksil og Volda i NM U15

Etter tre dagar, og 152 kampar vart vinnarane av NM U15 2022 i dag kåra.I klassa for gutar vann ØKSIL 2-1 (25-23, 13-25, 7-15) over KFUM Volda Volleyball og i jenteklassa vann KFUM Volda Volleyball over Strand-Ulv 2-0 (25-20, 25-13). All star-lag og MVP All star-laget for gutar vart:Beste server: Sander Lithun, GneistBeste mottakar: Tiril […]
Les meir

Stort bildegalleri

Vi har no lagt ut alle bilda fotografane vår tok fredagen under NM U15.Galleriet finn du her
Les meir

Videohelsing frå Beach VolleyVikings

Vi var så heldige at vi fekk ei videohelsing frå Anders Mol og Christian Sørum til spelarane på U15 NM. Helsinga kan du sjå her igjen:
Les meir

VI ER I GANG!!!

NM U15 2022 er godt i gang, og vi gledar oss over at vi endeleg kan sjå mange flotte ungdomar samla i eit U15 NM igjen. Opningsseremoniane gjekk av stabelen kl. 09 både i Volda Campus SpareBank1 Arena og Ulsteinhallen. Her kan du sjå desse i reprise.
Les meir

Foto frå NM

Vi er så heldige å ha tre fotografar som kjem til å ta bilder frå begge hallane gjennom heile helga. Alle bilda blir lagt i ei DropBox, og fritt til bruk ved krediterting av fotograf. Namnet på fotografen står i filnamnet.Bilda finn de i denne mappa: https://www.dropbox.com/sh/spp76apl4a2buqp/AADazX-YNHiCCsuioo9V8URaa?dl=0
Les meir

Fysioterapeut i Volda

Vi er så heldige å fått til eit samarbeid med Klinikk for Alle i Ørsta under NM.Fysioterapeut Fredrik vil vere tilstades i Volda Campus SpareBank1 Arena fredag, laurdag og søndag på Møterom 2. Inngangen er merka. Opningstidene for klinikken vil vere:Fredag 1. april:    14:30-16:00Laurdag 2. april: 09:30-11:30Søndag 3. april: 10:00-12:00
Les meir

Rikholdige kioskar under NM

Gjennom heile NM vil vi ha rikholdige kioskar med rikt utval.Vi kjem til å ha alle typiske kioskvarer ein vil ha på NM, og i tillegg varmmat som til dømes toast, pølser og lapskaus. Du får naturleg nok også kjøpt den klassiske svela.Kiosken har sjølvsagt mat tilpassa forskjellige allergiar. I Ulsteinhallen er det Dimna IL […]
Les meir

Program for NM-helga

Mange lurer på kva programmet for helga er, så vi har laga ei grov oversikt under.Alle klubbar må møte på teknisk møte torsdag kveld kl. 21.00. Torsdag 31. mars 21.00: Teknisk møte på Ulstein hotell og på VIP i Volda Campus SpareBank 1 Arena22.00: Dommarmøte på Ulstein hotell og på VIP i Volda Campus SpareBank […]
Les meir

Strøyming av kampar

Vi vil strøyme dei fleste kampane frå NM via YouTube-kanalen vår. Du kan abonnere på den her. Du vil også finne link til dei forskjellige banene på nettstaden vår under «Live-menyen». Frå Volda Campus SpareBank1 Arena vil vi strøyme alle banene, og frå Ulsteinhallen vil vi strøyme bane 7 og 8. Desse banene er dei […]
Les meir

Mizunoshop under NM

I Volda Campus SpareBank1 Arena kjem vi til å selje kle og andre produkt frå Mizuno gjennom heile NM.«Butikken» vil bli i eit av møteroma i hallen, og direkte tilkomst frå vrimlearealet. Du kan handle med både kort og Vipps.
Les meir

Kampoppsettet er klart!

Norges volleyballforbund har no gjort ferdig kampoppsettet til NM. Du finn det i Profixio på denne adressa: https://www.profixio.com/app/matches/nm_u15_2021-2022/categories
Les meir

Ikkje berre volleyball i Volda

Same helga som det er NM blir det arrangert X2 i Volda. X2 er veslebroren til Ekstremsportveko, og har mange gode foredrag, konkurransar, konsertar osv.Meir info finn du på nettsida deira: https://x2festivalen.no/
Les meir

Føring av kampskjema / sekreteriatarbeid

Alle laga som er med i NM skal stille som kampsekreteriat i kampar. Desse kampane er sett opp på førehand, og under mellom- og sluttspel vil ein finne ut kva kampar ein skal vere sekreteriat i Profixio. Under NM U15 blir det brukt utvida kampskjema, og ikkje enkelt slik det ofte blir brukt i US-rundene. […]
Les meir

Dømming på NM

Vi får litt spørsmål om dømming under NM. Her er svar frå NVBF:Dommaren er ein eigen person som ikkje skal spele på laget. Det er muleg at dømmingen kan skje i ein anna hall enn det laget spelar på, men dersom det er eit ønskje at dommer er i same hall som klubben sin, så […]
Les meir

Fleire overnattingsstadar

Då har vi fått på plass fleire overnattingsstadar. Lista her er oppdatert med Kjeldsund hytter og Hareid hotell. Vi har også kanskje noko ledig i ei tom blokk med studenthyblar i Volda sentrum, men dette får vi oversikt over i midten av veka.
Les meir

Puljeoppsett og seeding er no klar!

Puljeoppsetta og seeding til NM U15 2022 er no klart, og er sendt ut av NVBF og er lagt på nettstaden til NM.At puljeoppsettet er ferdig gjer at det er lett å sjå om ein bør bu i Ulsteinvik eller Volda/Ørsta-området, med tanke på å vere nært hallen ein skal spele i fredagen. Puljeoppsetta finn […]
Les meir

Velkomen til Volda og Ulsteinvik

Velkomen til første NM U15 sidan 2019!
Les meir

NM-skjorta er i produksjon

I dag stakk vi innom Furene AS som produserer NM-tskjortene for oss, for å kike på første eksemplaret.Produksjonleiar Hallgeir Heltne hadde klar eit par stykker som vi fekk sjå på, og vi er meget fornøgde.Vi har valt ein ikkje så veldig stor logo på brystet, slik at det skal gå fint å «dive» med t-skjortene […]
Les meir

Overnatting på flatseng

Havila Hotell Ivar Aasen i Ørsta gjer om eine konferansesalen sin til sovesal, og tilbyr no overnatting på flatseng i sovesal. Her er informasjon frå dei: Pris kr. 375,- pr. person, pr. døgn.Inkluderer frokostbuffét og WIFI. Pakkeliste: Reiseseng eller madrass Dyne & pute Sengetøy Håndduker Leie av sengetøy herav laken, dynetrekk og putetrekk kr. 200,- […]
Les meir

Lønsjpakkar

Vi sel lønsjpakkar i både Volda Campus SpareBank 1 Arena (VCS1A) og Ulsteinhallen.Lønsjpakkane er levert av kantina på Høgskulen i Volda (HVO), som er næraste nabo til VCS1A. Det blir mogleg å ete desse i kantina på HVO og på klasserom i Ulsteinhallen. Pris per lønsjpakke er kr. 250,- for alle dagane. Fredag: Pasta med […]
Les meir

Bankett laurdag i Ulsteinvik

Det blir bankett i Ulstein Arena!Høgdepunktet under NM U15 (sett vekk frå finalane) er nok for mange banketten. For veldig mange blir dette den første banketten dei deltek på.Årets bankett vil bli i Ulsteinvik sentrum, i gangavstand til hotellet i Ulsteinvik. Det blir servert tradisjonell taco-buffet etter ønske frå spelarane. Påmelding til buffeten gjer du […]
Les meir

Påmelding til NM

Norges volleyballforbund har no opna for påmelding til NM U15 2022 i Profixio. Du finn lenka her: https://www.profixio.com/fx/vis_innbydelse.php?ib_id=7460 Påmeldingsavgift Påmeldingsavgift betalast direkte til KFUM Volda Volleyball etter stadfesta påmelding.Betal påmeldingsavgift til konto 3991.40.37453, og merk betalinga med NM U15 2022, Klubb- og lagsnamn innan 7. mars 2022.
Les meir