Velkomen til
NM U15 1.-3.april 2022

Aktuelt

Gull til Øksil og Volda i NM U15

Etter tre dagar, og 152 kampar vart vinnarane av NM U15 2022 i dag kåra.I klassa for gutar vann ØKSIL 2-1 (25-23, 13-25, 7-15) over KFUM Volda Volleyball og i jenteklassa vann KFUM Volda Volleyball over Strand-Ulv 2-0 (25-20, 25-13). All star-lag og MVP All star-laget for gutar vart:Beste server: Sander Lithun, GneistBeste mottakar: Tiril […]
Les meir

Stort bildegalleri

Vi har no lagt ut alle bilda fotografane vår tok fredagen under NM U15.Galleriet finn du her
Les meir

Videohelsing frå Beach VolleyVikings

Vi var så heldige at vi fekk ei videohelsing frå Anders Mol og Christian Sørum til spelarane på U15 NM. Helsinga kan du sjå her igjen:
Les meir

VI ER I GANG!!!

NM U15 2022 er godt i gang, og vi gledar oss over at vi endeleg kan sjå mange flotte ungdomar samla i eit U15 NM igjen. Opningsseremoniane gjekk av stabelen kl. 09 både i Volda Campus SpareBank1 Arena og Ulsteinhallen. Her kan du sjå desse i reprise.
Les meir

Foto frå NM

Vi er så heldige å ha tre fotografar som kjem til å ta bilder frå begge hallane gjennom heile helga. Alle bilda blir lagt i ei DropBox, og fritt til bruk ved krediterting av fotograf. Namnet på fotografen står i filnamnet.Bilda finn de i denne mappa: https://www.dropbox.com/sh/spp76apl4a2buqp/AADazX-YNHiCCsuioo9V8URaa?dl=0
Les meir

Fysioterapeut i Volda

Vi er så heldige å fått til eit samarbeid med Klinikk for Alle i Ørsta under NM.Fysioterapeut Fredrik vil vere tilstades i Volda Campus SpareBank1 Arena fredag, laurdag og søndag på Møterom 2. Inngangen er merka. Opningstidene for klinikken vil vere:Fredag 1. april:    14:30-16:00Laurdag 2. april: 09:30-11:30Søndag 3. april: 10:00-12:00
Les meir

Her kan du bestille
t-skjorter, bankett og lønsjpakkar

Nyhende frå Facebook og Instagram

Facebook icon Instagram icon
Serieopning i Mizunoligaen for KFUM Volda, hovudsponsor SpareBank 1 Søre Sunnmøre er med oss denne sesongen også 👏 KFUM Volda er i helga klare for serieopning i eliteserien i volleyball. Dette er fjerde året i toppserien, etter at laget tok ein 4. plass i fjorårssesongen. Laget har halde seg i øvre sjikt av tabellen gjennom alle dei fire åra i eliteserien. KFUM Volda er godt budde for sesongen. Laget har trent godt, og har styrka stallen med nokre nye spelarar denne sesongen. Tidlegare Voldaspelar Marie Brænde, som har hatt ein sesong i Oslo Volley, er tilbake på KFUM Volda, noko også Siri Stranden er. Viktige Rali Emilova frå Bulgaria har valt å ta ein ny sesong i Volda. Edna Todorova debuterte på elitelaget i februar og er ein sentral spelar på det unge laget. Laget er i tillegg forsterka med to lovande juniorar frå eigen klubb, Birte Krumsvik og Mathilde Nupen Aarflot, i tillegg til Blindheim-spelar Cathrine Eikenes Hjeltnes. Laget har mist fleire av spelarane som var med i eliteserien i fjor. Dette gjeld Pernille Granlund, Vilde Sofie Haveland Sleire, Runa Redse Arset, Ingrid Gladsøy Hellum og Michelle Ann Janbu. På søndag er det kamp mot BK Tromsø. Dette laget var eitt av dei laga som har hevda seg i toppen av Mizuno-ligaen dei siste sesongane. Fleire av spelarane har vore innom landslaget. Men laget har denne sesongen hatt stor utskifting i stallen og fleire profilar har flytta frå Tromsø, det gjeld mellom anna tidlegare tysklandsproff Ragni Steen Knudsen. Også tidlegare Volda-spelar Sara Marie Krumsvik har gitt seg denne sesongen. Stallen i BK Tromsø består no av mange yngre spelarar, men spelarar som har markert seg på landslagsnivå, mellom anna Aurora Håkstad. Ny spelar på laget er Canadiske Danielle Groenendijk Westwood som er BK Tromsø sin nye kantspelar. KFUM Volda spelte finalen i eliteturneringa i Volda sist helg mot Førde, der Førde gjekk av med sigeren. Dei andre laga KFUM Volda møtte den helga var TIF Viking, NTNUI og Toppvolley Norge. KFUM Volda fekk prøvd seg mot mange av dei lag ein ventar å kjempe mot i denne sesongen, og dette var ei viktig oppkøyring fram mot seriestart. Trenar Vlado Todorov er nøgd med utbyttet frå sesongoppkøyringa etter viktige utprøvingar i eliteturneringa. Det er mange lag som denne sesongen har nye spelarar og det vert spennande å møte BK Tromsø i serieopninga på heimebane i Volda Campus Sparebank 1 Arena. Dette er KFUM Volda sin elitestall den komande sesongen: Namn: Ingrid Indresøvde Bernås Alder: 18 Heimstad: Volda Yrke/Studie: Elev på Volda Vidaregåande Skule Tidlegare klubbar: Ingen Draktnummer: 3 Posisjon: Oppleggar Namn: Nora Jenny Øvereng Alder: 18 Heimstad: Volda Yrke/Studie: Elev på Volda Vidaregåande Skule Tidlegare klubbar: Ingen Draktnummer: 6 Posisjon: Midt Namn: Hedda Jonette Øvereng Alder: 18 Heimstad: Volda Yrke/Studie: Elev på Volda Vidaregåande Skule Tidlegare klubbar: Ingen Draktnummer: 7 Posisjon: Midt Namn: Ralitsa Georgieva Alder: 21 Heimstad: Sofia, Bulgaria Yrke/Studie: Student Tidlegare klubbar: Maritza Plovdiv Draktnummer: 16 Posisjon: Kant, Diagonal Namn: Maria Iossifova Todorova Alder: Evig ung Heimstad: Sofia, Bulgaria Yrke/Studie: Kroppsøvingslærar Tidlegare klubbar: Mange - i Romania, Kypros, Spania, Tyrkia, Slovenia og Bulgaria Draktnummer: 18 Posisjon: Kant Namn: Edna Todorova Alder: 13 Heimstad: Volda Yrke/Studie: Volda ungdomsskule Tidlegare klubbar: Ingen Draktnummer: 9 Posisjon: Kant Namn: Marie Brænde Alder: 21 Heimstad: Volda Yrke/Studie: Student Tidlegare klubbar: Oslo Volley Draktnummer: 17 Posisjon: Kant Namn: Siri Stranden Alder: 25 Heimstad: Volda Yrke/Studie: Student Tidlegare klubbar: Ingen Draktnummer: 12 Posisjon: Libero Namn: Anna Maria Maalø Aarseth Alder: 20 Heimstad: Volda Yrke/Studie: Student Tidlegare klubbar: KFUM Volda og Club Voleibol Altea i Spania Draktnummer: 8 Posisjon: Diagonal Namn: Ingrid Simonsen Alder: 15 Heimstad: Volda Yrke/Studie: Elev på Volda Ungdomsskule Tidlegare klubbar: Ingen Draktnummer: 10 Posisjon: Diagonal Namn: Birte Krumsvik Alder: 15 Heimstad: Volda Yrke/Studie: Elev på Volda Ungdomsskule Tidlegare klubbar: Ingen Draktnummer: 14 Posisjon: Kant/diagonal Namn: Mathilde Nupen Aarflot Alder: 15 Heimstad: Volda Yrke/Studie: Elev på Volda Ungdomsskule Tidlegare klubbar: Ingen Draktnummer: 1 Posisjon: Libero Namn: Cathrine Eikenes Hjeltnes Alder: 15 Heimstad: Ålesund Yrke/Studie: Elev på Blindheim Ungdomsskule Tidlegare klubbar: Blindheim IL Draktnummer: 4 Posisjon: Kant/diagonal Hovudtrenar: Vlado Todorov Ass. trenar: Rune Bernås

Kontakt oss

    For å ta kontakt med arrangør, fyll ut skjemaet under.

    Adresse

    KFUM Volda Volleyball
    Joplassvegen 1a
    6103 Volda
    post@kfumvolda.no

    KFUM Volda Volleyball er ein volleyball-klubb med lange og stolte tradisjonar. I desember 2022 flytta vi inn i storstova Volda Campus Sparebank 1 Arena og kan gle oss over topp moderne treningsfasilitetar. Hallen er ein førebildeanlegg for volleyball.